Hevdar dei drap norsk-palestinsk Hamas-kommandør

1 month ago 13


Hamas har meldt om dødsfallet til det dei omtalar som deira kommandør i Jenin på fleire sosiale medium, og uttrykt sorg over tapet.

Det var VG som meldte om saka først.

Det israelske forsvaret meldte fredag at dei utførte ein operasjon i byen Jenin på Vestbreidda. Dei seier at dei tok livet av ein Hamas-leiar med namn «Wassem Hazem», samt to andre personar.

Far til Hazem bur i Skien. Han seier til NRK at han fått stadfesta frå mora, og kona til sonen hans at han er drepen. 31-åringen var norsk statsborgar.

– Dei måtte ikkje drepe han. Dei kunne berre arrestert han, men dei ville ikkje, seier han til NRK.

Hamas skriv på Telegram at dei har mista tre menn frå deira gruppe.

Hamas skriv på Telegram at dei har mista tre menn frå deira gruppe.

Foto: Skjermdump frå Telegram

Faren har ikkje høyrt noko frå israelske styresmakter om hendinga.

– Eg vil ha sonen min her. Eg må få han tilbake hit.

Han seier han ønsker å få kroppen tilbake til Noreg for å få gravlagt han.

Hevdar han ikkje er Hamas-leiar

I morgontimane blei faren ringt opp av familiemedlemmar som såg bilde av sonen på lokale nyheitskanalar, fortel han.

Han seier sjølv at sonen ikkje er Hamas-leiar slik Israel hevdar.

– Det stemmer ikkje. Han har ikkje kontakt med Hamas.

Skjermdump av video frå IDF som hevder er av eit åtak der Wesam Khazem blei drepen.

Skjermdump av video frå IDF som hevdar er av eit åtak der Wesam Hazem blei drepen.

Foto: IDF

NRK har spurt tryggingsbyrået i Israel (ISA) om ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.

Hazem har born og kone på Vestbreidda. Kona har eit born på veg.

Pengar, ammunisjon og pengar

Hamas seier at IDF fann våpen, ammunisjon og pengar i bilen til dei tre drepne mennene, mellom anna Hamez.

Foto: Skjermpdump frå Telegram

Faren fortel at sonen har budd på Vestbreidda dei siste åra, fordi han har fått avslag frå UDI om familiegjenforeining med kona og borna.

– Wassem var flink, han var snikkar, seier faren.

Utanriksdepartementet i Noreg seier til NRK at dei undersøker saka.

Militære operasjonar på Vestbreidda

Fredag er det Israel kallar ein «militær operasjon» på Vestbreidda inne i sin tredje dag.

Den israelske hæren (IDF) opplyser på Telegram at dei drap tre Hamas-militsar i eit luftåtak på den okkuperte Vestbreidda den 30. august.

Sidan operasjonen starta på onsdag, er minst 19 personar skadde og 20 er arresterte, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Luftåtaket skjedde i byen Jenin på Vestbreidda.

Torsdag uttala IDF at fem palestinarar vart drepne i ein moské på Vestbreidda. Militæret fem hevdar dei drepne var militante.

Israel har tidlegare sagt at operasjonen er retta mot sentrale medlemmar av Hamas sin fløy på Vestbreidda.

Ambulanse, helsepersonell og eit israelsk militært køyretøy.

Israelske styrkar inne i eit pansra køyretøy kontrollerer dokument frå palestinarar under ein militæroperasjon i Jenin, Vestbreidda.

Foto: Majdi Mohammed / AP

Operasjonen har vorte fordømt frå fleire hald.

Dei sameinte nasjonane (FN) sa då militæroperasjonen starta på onsdag, at den «risikerer å forverre den allereie katastrofale situasjonen» i dei palestinske områda, ifølge nyheitsbyrået AFP.

– Israel som okkupasjonsmakt, må følgje sine plikter i samsvar med folkeretten, seier Ravina Shamdasani, talsperson for FN i ei utsegn.

Espen Barth Eide 16.08.2024

Utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Hanna Johre / NRK

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har òg har fordømt åtaka.

– Midt oppe i den pågåande råskapen i Gaza er situasjonen på den okkuperte Vestbreidda ekstremt farleg, sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NTB på torsdag.

Han viser til åtaka på onsdag og torsdag frå israelske styrkar nord på Vestbreidda.

Eit israelsk militærkøyretøy med ein journalist foran.

Ein journalist retter kameraet sitt mot eit israelsk militærkøyretøy som instruerer palestinske journalistar om å evakuere ei gate nær eit sjukehus i Jenin på den okkuperte Vestbreidda.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / AFP

– Dei massive israelske militæroperasjonane i og rundt Jenin, Tulkarem og Tubas, forverrar ein frå før spent situasjon, med uventa konsekvensar for stabiliteten i regionen, seier Eide.

Publisert 30.08.2024, kl. 20.04

Read Entire Article