Hamas sende rakettar mot Tel Aviv: «Eit svar på dei sionistiske massakrane»

4 months ago 54


Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 26.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 272 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

For første gong på eit halvt år har Hamas utført eit større missilangrep mot sentrale delar av Israel, særleg retta mot hovudstaden Tel Aviv.

Det melder Hamas' militære fløy al-Qassam-brigaden sjølv på Telegram, ifølge AFP.

Israels luftvernsystem avverga angrepet, og ifølge den israelske nettstaden Haaretz er det ikkje rapportert om skadar. Ifølge same avis skal ein person derimot vere lettare skadd av splintar som følge av nedskytinga av rakettane.

Det israelske forsvaret (IDF) melder at åtte rakettar blei sende frå Rafah, ein by som ligg heilt sør på Gazastripa.

Det får Israels sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir til å sjå raudt. «Rafah! Med full styrke!», skriv han på X.

«Sionistiske massakrane»

Byen var lenge delvis skjerma for krigen på Gazastripa.

I februar hadde over 1,5 million palestinarar søkt tilflukt i området, dei fleste hadde flykta frå heimane sine nord på Gazastripa.

Tidlegare i mai fekk dei på nytt beskjed om å flykte. Då gjekk Israel inn i byen med bakkestyrkar.

kvinner og barn gret. framfor dei ligg ein død person under eit teppe

Pårørande sørger etter at minst seks menneske blei drepne i eit israelsk bombeangrep i Rafah søndag.

Foto: Eyad Baba / AFP

Ifølge AFP skriv al-Qassam-brigaden på Telegram at rakettangrepet er «eit svar på dei sionistiske massakrane mot sivile».

IDF har dei siste vekene utført den lenge varsla militæroperasjonen i Rafah, og trassar med det ordren frå FNs øvste domstol om å stanse offensiven. Det blir melde om både bakkekampar og luftangrep.

Over 35.000 palestinarar er drepne i løpet av krigen. På israelsk side er over 1400 drepne.

Publisert 26.05.2024, kl. 14.41 Oppdatert 26.05.2024, kl. 14.49

Read Entire Article