Grøvdal tatt på senga av regelendring: – Ting henger jo ikkje saman

5 months ago 42


– Det er eit veldig rart system. Det verkar som det er så komplisert at folk og forbund ikkje heilt har kontroll på det, seier Karoline Bjerkeli Grøvdal til NRK.

Den sikraste måten å kvalifisere seg på 10.000 meter til OL i Paris er å ta direktekravet, som er 27.00 for herrane og 30.40 minutt for kvinnene. Det kan gjennomførast enten på ein friidrettsbane eller i gateløp.

Det finst likevel ein «bakveg» – for åtte av dei 27 plassane i OL-feltet blir tilbodne løparane som har gjort det best i terrengløp dei siste 18 månadene før kvalifiseringsfristen.

Snittpoengsummen av tre løp blir vurdert.

Endringa i kvalifiseringa blei gjord i forkant av VM i Budapest i fjor, men har fått lite merksemd.

Grøvdal har to teljande løp – EM og VM – begge godt over snitta til dei siste utøvarane som er OL-klare. Ho ville neppe hatt store problem med å kvalifisere seg på den måten.

– Eg visste ikkje om det før i dag, rett før eg kom hit, seier Grøvdal etter å ha vist fram Noregs OL-kolleksjon på catwalken torsdag.

– Du kunne vore OL-klar med eitt terrengløp til?

– Ja, men kor er dei løpa? Eg veit klubben sjekka det opp med NM terrengløp, men det gav ikkje dei poenga. For det er jo neste helg, så i prinsippet om eg kunne sprunge det, men det kunne eg visstnok ikkje, seier det norske OL-håpet fortset:

 5000 meter forsøk

LØPESTJERNE: Karoline Bjerkeli Grøvdal.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Eg visste at det har vore ein terrengserie med ulike løp i Europa, som nokon står på rankinga at dei er OL-klare gjennom, men etter det eg har skjønt så er det berre visse type løp, så det er vanskeleg å halde oversikta.

VM i terrengløp 30. mars var siste løp der det var mogleg å skaffe poeng på terrengløpsrankinga før OL.

– Veldig surrete

Før fleire av dei største stemna for å springe 10.000 meter blir arrangerte i mai, er det berre tre stykke som er inne på ordinær ranking. Det vil seie løparar som har fleire løp tett ned mot kravet.

Regjerande europameister i terrengløp, Yann Schrub, var nesten eitt minutt bak kravet i 2023 på 10 kilometer. Han er likevel klar for OL. Den plassen sikra han med EM-gull i Brussel, framfor Magnus Tuv Myhre.

Belgium Athletics Cross Country

FRANSK GENISTREK: Yann Schrub vann EM i Brussel føre Magnus Tuv Myhre i desember. Nå er den kondisjonssterke legen kvalifisert til OL etter også ha vunne terrengløp i Belgia og Portugal vinteren 2023.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Karoline Bjerkeli Grøvdal ville neppe hatt store problem om ho deltok i enda eitt løp denne vinteren. Ho manglar eitt resultat for å bli vurdert. Planen hennar er uansett å kvalifisere seg på ordinært vis, på tid eller gjennom ranking.

– Kravet til OL på 10.000 meter har vore veldig surrete. Berre det med EM og VM, at du kan ta gateløpkravet til OL, men ikkje til EM. Der må du ta det på bane. Hadde eg sprunge under OL-kravet i Drammen, så hadde eg framleis ikkje kunne stille i EM, for eg har ikkje sprunge 10.000 meter på bane på to år.

– Ting heng jo ikkje saman rundt kva som er fornuftig. Eg synest også at det er litt merkeleg at terrengløp skal vere kvalifisering, seier 33-åringen.

Tøft å få med deltakarar

Grøvdal får støtte at sportssjef i det norske friidrettsforbundet, Erlend Slokvik.

– Eg synest eigentleg det er ein veldig rar regel. Den har ganske liten relevans, seier han.

Han meiner EM terreng var eit godt eksempel på kor ulikt løping i terreng og på bane er:

– Det er jo eit heilt anna steg. For å seie det enkelt, så er det ein heilt annan måte å springe på. Du bruker andre muskelgrupper.

Erlend Slokvik

SPORTSSJEF: Erlend Slokvik.

Foto: Fredrik Hagen

Han meiner det ikkje er nokon garanti for at ein toppløpar i terrenget hevdar seg på bane, eller motsett. Nå innser han at det blir vanskeleg å få med norske representantar på dei 10.000 meterane til herrane.

– Det blir tøft, det gjer det. Vi har tre plassar på 5000 meter og det blir hard kamp om dei plassane, seier Slokvik.

EM-sølvvinnar på 10.000 meter Zerei Kbrom Mezngi, satsar mot maraton. Det same gjer Sondre Nordstad Moen, som har noregsrekorden på 27.24,78. Magnus Tuv Myhre har i vinter slite med skade og sjukdom.

Det blir skikkelig «børn» når Northug skal avslutte sesongen 01:07

Publisert 13.04.2024, kl. 09.35

Read Entire Article