Godt vaksne MC-førarar mest utsette for ulukker

4 months ago 48


Menn over 45 år står for den største auken i talet på drepne og hardt skadde på motorsykkel, ifølgje Trygg Trafikk. Dei godt vaksne MC-førarane er stadig meir synlege i ulukkesstatistikken.

– Ferdigheitene må haldast ved like, seier dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union, Arild Lind.

Han anbefaler alle motorsyklistar å ta eit «rustløysarkurs» om våren, særleg dei godt vaksne førarane.

– Der blir du minna om det mest grunnleggande og får kroppen i gang igjen. For ein kan jo fort tru at ein framleis er 20 år gammal, seier Lind, som sjølv er 57.

UPmedMCkontroll03

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Godt vaksne i alvorlege ulukker

På om lag tjue år har talet på omkomne og hardt skadde motorsyklistar over 45 år auka med over 200 prosent, ifølgje Trygg Trafikk.

Fleire motorsyklar på vegane kan forklare noko av auken, men ikkje at dei over 45 år er mest utsette.

Norsk Motorcykkel Union ser at vaksne motorsyklistar dessverre er overrepresenterte i dødsulukker. Ulukkene skjer som oftast i fint vêr, på tørt føre og i sving. Ut over dette veit vi ikkje stort om årsaka, men dei fleste ulukkene skuldast førarfeil, skriv styreleiar Olea Anett Kvalsvik til NRK.

Har ikkje køyrd sykkel på mange år

I Trygg Trafikk trur fagsjef Bård Morten Johansen at nokre av ulukkene skuldast at godt vaksne motorsyklistar er blitt «rustne».

Bård Morten Johansen

Fagsjef Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk seier forskarar skal prøve å finne ut kvifor godt vaksne motorsyklistar er meir utsette for ulukker enn andre.

Foto: Erland Knutsen / NRK

– Dei køyrde kanskje opp på 1980- eller 1990-talet. Så får dei god råd og tar etter mange år opp igjen motorsykkelinteressa. Dei har både livserfaring og køyreerfaring frå bil, men kanskje ikkje den kompetansen som trengst på motorsykkel. Å køyre motorsykkel er krevjande og det ser ut til at ikkje alle har kompetansen som trengst, seier Johansen.

– Kasta aldri hjelmen

Dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union, Arild Lind, prioriterte sjølv andre ting enn motorsykkel i mange år, men han kvitta seg aldri med hjelmen. For seks-sju år sidan tok han opp igjen motorsykkelinteressa igjen.

Han seier at som vaksen motorsyklist handlar det også om å få erfaring.

Lind seier at om du ikkje har køyrd motorsykkel på 30 år, er det kanskje ikke så lurt å berre køyre tur kvar tredje søndag.

– Heile kroppen må vite korleis han skal reagere når det hender noko brått. Muskelhukommelsen må sitte slik at ein utan å nøle gjer det rette dersom det oppstår ein farleg situasjon, seier Lind.

– Kjøp godkjent sikkerheitsutstyr

Norsk Motorcykkel Union anbefaler eit førarutviklerkurs med instruktørar på bane. Der lærer du til dømes å ta ein brå unnamanøver om det trengst.

I fjor omkom 20 menneske i motorsykkelulukker her i landet, dei fleste i utforkøyringsulukker. Til no i år har seks mista livet, mot fem på same tida i fjor.

– Vi anbefaler alle å bruke godkjent sikkerheitsutstyr, sjølv om det er dyrt, seier Arild Lind.

Motorsykkel

Mange godt vaksne menn koser seg med motorsykkel, men dei er oftare enn andre utsette for ulukker.

Foto: Heiko Junge / NTB

Publisert 29.05.2024, kl. 05.27

Read Entire Article