Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Sist oppdatert: 29.4.24
Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter
Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.
Måndag morgon fekk dei pro-palestinske studentane ein e-post frå leiinga.
Der stod det at dersom dei ikkje fjerna seg frå den store leiren som er sett opp framfor campus innan 18 norsk tid, ville dei bli disiplinerte av universitetet.
I første omgang betyr det suspensjon, og at dei blir fråteke høvet til å fullføre semesteret med gode resultat, melder Reuters.
Tysdag morgon var det framleis fleire dusin studentar i leiren, og 80 telt, melder amerikanske og i medium.
– Vi har byrja å suspendere studentar som del av den neste fasen i våre forsøk på å garantere tryggleik på vårt campus, seier Columbia-talsperson Ben Chang.
– Leiren har skapt eit miljø som gjer mange av våre jødiske studentar og tilsette uvelkomne, og ein bråkete distraksjon som forstyrrar læringa og førebuingane til avgangseksamen.
Dei har likevel ikkje klart å identifisere alle som er til stades, blant anna fordi mange dekker til ansikta sine med kefijeh-skjerf eller munnbind.
Flyttar seg ikkje «utan tvang»
Ein av arrangørane bak studentdemonstrasjonen, Sueda Polat, sa på ein pressekonferanse måndag at universitetet ikkje hadde gjort noko vesentleg for å møte hovudkravet deira.
Dette er at Columbia trekker investeringane sine frå selskap med koplingar til den israelske okkupasjonen i Gaza.
Dette kjem dei ikkje til å gjere, seier Columbia-president Nemat Shafik ifølge Reuters.
Difor kjem heller ikkje dei attverande demonstrantane til å flytte seg «utan tvang», sa Polat vidare ifølge New York Times.
– Vi har blitt bedne om å fjerne oss, men det er mot studentane si vilje at vi fjernar oss.
– Vi rokkar oss ikkje etter press frå universitetet. Vi handlar basert på studentane si vilje.
Det har ikkje kome fram om førelesarar og tilsette som har sett opp vakthald ved inngangen til leiren kjem til å få liknande behandling.
Over heile landet
Sidan styringa på Columbia henta inn politiet sist månad for å fjerne telta utanfor campus, har demonstrasjonar som denne funne stad over heile USA.
Ved Texas-universitetet i Austin har politiet arrestert fleire dusin demonstrantar og fjerna leiren heilt, melder BBC.
Ein advokat som er knytt til aktivistane, George Lobb, seier til KUT News at det gjeld 50 personar som var til stades måndag.
Studentleiinga har ikkje stadfesta talet til verken KUT eller BBC, men Reuters melder at det blei brukt peparspray for å spreie demonstrantane.
Også ved Virginia Commonwealth University (VCU) har politiet arrestert studentar, melder lokale WWBT.
Universitetet er i ferd med å fjerne telta, ifølge viseguvernør Winsome Earle-Sears.
Ytringsdebatten eskalerer
Dei pro-palestinske demonstrasjonane har ført til intens debatt i universitetsadministrasjonane om kvar ein skal skilje mellom lovlege og hatefulle ytringar.
Studentdemonstrantane, blant dei nokre jødiske fredsaktivistar, har sagt at dei blir sensurerte og stempla som antisemittiske fordi dei kritiserer den israelske regjeringa eller uttrykker støtte for det palestinske folket sine rettar.
Andre jødiske grupper har sagt at anti-israelsk retorikk ofte går over i hat mot jødar og oppfordring til vald, og at det derfor ikkje er noko dei må tole.
Det same argumentet blei brukt då personen som skulle tale på avgangsseremonien i Universitetet i Sør-California, muslimske Asna Tabassum, ikkje fekk lov til å tale likevel.
Dette var fordi ho hadde uttrykt pro-palestinske synspunkt, sa pådrivarane for dette.
Publisert 30.04.2024, kl. 07.02 Oppdatert 30.04.2024, kl. 07.12