Fornærma stats­ministerens kone – laga diplomatisk krise

4 months ago 29


– Hallo, alle saman. Eg er løva, det brølande beistet som står midt i vegen. Venstresida græt utan å forstå.

Slik opna Argentinas president Javier Milei sin tale under konferansen Leve Europa 2024, arrangert av det ytre høgre-partiet Vox i Spania.

Likesinna venner og allierte var til stades, mellom anna Frankrikes Marine Le Pen, Italias Giorgia Meloni og Ungarns Viktor Orban.

Mileis tale enda i tilbakekalling av den spanske ambassadøren i Argentina.

Frå scena i den spanske hovudstaden brukte Milei størsteparten av tida på å snakke ned sosialisme, kalte Spanias venstreorienterte statsminister Pedro Sanchez for ein «sleaze», og kom så med eit stikk mot kona hans.

– Altså, når dei (sosialistane red. anm.) har ei korrupt kvinne, brukar dei fem dagar på å tenke på det, seier Milei til eit jublande publikum.

Den argentinske presidenten viser til skuldingane om at Sanchezs kone, Begona Gómez, skal ha misbrukt si stilling til å påverke handel.

milei i skinnjakke og Abascal i dressjakke. på bordet framfor dei ligg bøkene deira

Argentinas president Javier Milei og Vox-leiar Santiago Abascal i samtale laurdag, etter å ha utveksla sjølvbiografiane deira.

Foto: Handout/Argentinian Presidency / AFP

Sanchez har heile tida nekta for skuldingane, men tok likevel ei fem dagar lang «tenkepause» for å finne ut om han kan halde fram som statsminister, noko han ønskte.

Påtalemakta var raskt ute med å seie at påstandane mest sannsynleg er grunnlause, og tysdag konkluderte den spanske sivilgarden med at det ikkje finst bevis for at Gómez har vore involvert i korrupsjon.

I forkant av Europaparlamentets val i juni har det altså oppstått knute på den diplomatiske tråden mellom Argentina og Spania, to regjeringar som ønsker å dra Europa i vidt ulike retningar.

– Det mest alvorlege i nyare tid

– Milei, med sin oppførsel, har no brakt forholdet mellom Spania og Argentina til det mest alvorlege i nyare tids historie.

Det sa den spanske utanriksministeren José Manuel Albares i helga, og trekte med det tilbake landets ambassadør til Argentina «for konsultasjonar». I tillegg blei Argentinas ambassadør til Spania kalt inn for samtalar.

EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt Mileis utsegn.

– Angrep mot familiemedlem av politiske leiarar har ingen plass i vår kultur. Vi fordømmer og avviser dei, særleg når det kjem frå allierte, skriv han på X.

menneske med maske av orban, le pen, orban, meloni og abascal. dei held opp plakatar der det står "defeat the hateful five - june 9"

Det var protestar i Madrid i helga, mot konferansen som samla Europas ytre høgre-parti.

Foto: Paul White / AP

Begge ønsker ei unnskyldning

Måndag ber Spania den argentinske presidenten om å beklage. Men også frå fleire hald i det argentinske statsapparatet kjem det ønske om ei unnskyldning.

– Det er heller den spanske regjeringa som bør komme med ei unnskyldning for alt som er blitt sagt om Milei, sa innanriksminister Guillermo Francos.

Mileis talsperson Manuel Adorni ber den spanske regjeringa om å reflektere og så be om unnskyldning.

– Dette har ingenting med diplomatiske band å gjere. Dette handlar om menneske, seier Adorni.

«Vi speler ikkje offer»

Det argentinske presidentpalasset ser på saka som ei personleg konflikt , og synest Sánchez rett og slett overreagerer, ifølge avisa Buenos Aires Times.

– Vi speler ikkje offeret. Det er det venstresida som gjer. Dei har eit overdrive sinne, skriv dei i ei utsegn.

Milei er kjend for å snakke ufiltrert og er ikkje akkurat opptatt av å vere på godfot med statsleiarar. Han har kalt Colombias president for terrorist, Mexicos president for ignorant, paven for dum og Venezuelas president for diktator.

No er fleire ekspertar uroa for korleis det skal gå med Argentinas diplomati, skriv AFP.

Publisert 21.05.2024, kl. 16.13

Read Entire Article