Forbunds­leiar om tvungen lønsnemnd: – Vanskeleg å stemma Ap etter dette

4 months ago 23


– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å koma oss i møte. Heile prosessen frå me byrja lønsforhandlingane, gjennom streiken og til no, har vore prega av at regjeringa ikkje har ønskt noko anna enn å pressa oss på plass, seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat.

I ei pressemelding skriv Unio at dei tek avgjerda til regjeringa til etterretning og at medlemmene deira vil vera tilbake på jobb så snart som mogleg.

Streik blant 10 operatørar i politiet si helikopterteneste og manglande grensekontroll er den direkte årsaka til at streiken no blir avbroten, forklarte Brenna under ein pressekonferanse.

Forbundsleiar kraftig ut mot regjeringa

Streiken blei trappa opp onsdag, og 3500 medlemmar var i streik.

Arbeidskonflikten har vart sidan 24. mai, og har blant anna råka flyplassar, meteorologar, politiet og andre arbeidsplassar med såkalla nøkkelpersonell.

Leiar Lill Sverredatter Larsen i Norsk sjukepleiarforbund, som ligg under Unio, kallar grepet med tvungen lønsnemnd «ei utidig innblanding av regjeringa».

– Dette er ei regjering som blir opplevd som kunnskapsfiendtleg og til dels gjer høgare utdanna yrkesgrupper til sine fiendar.

– Me er 400.000 medlemmer i Unio, og 130.000 medlemmer i Sjukepleiarforbundet. Dei tilbakemeldingane me får frå medlemmene, er at det blir vanskeleg å stemma Arbeidarpartiet etter dette. Det er ei samrøre mellom Arbeidarpartiet i regjering og LO, som me ser resultatet av her, seier Larsen til NRK.

Kjerna i konflikten er usemje om tariffavtalar. I dag har YS og LO Stat like tariffavtalar, og Unio og Akademikerne har eigne avtalar. Staten ønskjer på si side éi felles hovudtariffavtale for alle statstilsette. Dette har LO og YS vore samde i.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har uttalt at Unio-streiken er ein streik for større skilnader mellom folk.

Lill Sverresdatter Larsen

Lill Sverresdatter Larsen meiner dagens avgjerda om tvungen lønsnemnd viser at Unio ikkje har reell streikerett, og ho etterlyser ein debatt rundt det.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Leiar i Politiets Fellesforbund, Unn Alma Skatvold, er også kritisk til inngripen frå regjeringa.

– Eg konstaterer at dei ikkje har hatt nokon vilje til å finna ei løysing saman med oss, verken i forhandling eller i mekling. Så det må me berre ta til etterretning.

Publisert 05.06.2024, kl. 09.26 Oppdatert 05.06.2024, kl. 10.33

Read Entire Article