FN stoppar all utdeling av mat i Rafah

4 months ago 36


21. mai 2024 kl. 19:27

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) seier dei har stoppa utdeling av mat i Rafah, melder Reuters.

Grunnen er mangel på forsyningar og tryggleik.

Organisasjonen seier også at berre sju av dei 24 helsesentera deira er operative, og at dei ikkje har fått medisinsk utstyr på ti dagar.

Også FN-organisasjonen Verdas matvareprogram seier dei har stoppa utdeling av mat fordi dei har gått tomme for forsyningar, melder NTB.

Ein talsmann for organisasjonen seier dei humanitære operasjonane i Gaza er nær ved å bryte saman.

Read Entire Article