FN: Over 670 kan vere døde etter jordskjelv i Papua Ny-Guinea

4 months ago 33


Hjelpearbeidarane har gitt opp håpet om å finne overlevande, og dei attlevande har begynt å sørge.

Truleg har over 670 menneske mista livet etter at eit jordskred braut ut i landsbyen Kaokalam i provinsen Enga i Papua Ny-Guinea natt til fredag.

Det anslår FNs organisasjonen for migrasjon (IOM), som har rekna seg fram til at minst 150 hus ligg under jordmassene.

Guvernøren kallar det ei uventa naturkatastrofe.

View of the damage after a landslide in Maip Mulitaka

Hjelpearbeidet er i gang, men det er ikkje noko håp om å finne overlevande.

Foto: Emmanuel Eralia / Reuters

Området er no dekt av seks til åtte meter med stein og jord. Hjelpearbeidet har gått frå å leite etter overlevande, til å grave fram dei døde.

IOM-sjef Serhan Aktoprak fortel til nyheitsbyrået AP at jorda framleis beveger seg, som gjer gravearbeidet ekstra farleg.

Berre fem lik er blitt henta ut av ruinane i løpet av helga.

Lokale kampar i området

Ifølge Care Australia kan talet på døde stige ytterlegare på grunn av ein lokal konflikt som utspeler seg i nærleiken. To klanar kjemper om eit landområde, og laurdag blei åtte menneske drepne i samanstøyt. 30 hus blei sett fyr på.

På grunn av kampane hadde eit ukjent tal evakuert til den skredramma provinsen, og det er derfor usikkert nøyaktig kor mange som var i området. Til vanleg bur det om lag 4000 menneske i Kaokalam, men truleg var det altså eit høgare tal der då skredet braut ut.

Aktoprak er uroa for at kriminelle innad i klanane også kan utnytte situasjonen og angripe konvoiane med naudhjelp.

Publisert 26.05.2024, kl. 11.30 Oppdatert 26.05.2024, kl. 11.40

Read Entire Article