Fire norske bidrag på liste over verdas viktigaste «geostadar»

2 months ago 47


Den internasjonale organisasjonen for geovitskap (IUGS) kunngjorde tysdag si liste over dei viktigaste geostadane i verda.

For to år sidan fekk Jutulhogget i Innlandet plass på lista.

No følger fire norske stadar etter inn på den prestisjefulle lista.

Fjord- og brelandskap på Svalbard, larvikitt på Austlandet, morenar på Vestlandet og eit spesielt landskap i Trøndelag er plukka ut.

– Dette er veldig stort, seier Kamilla Pedersen, dagleg leiar i Trollfjell geopark i Leka i Trøndelag.

Leka geologi

På Leka falt havskorpa over på høgkant. Dei mange laga ligg derfor synleg til.

Putelava på Leka

Putelavaen i Leka har blitt til ved at lava blei avkjølt under vann.

Ofiolittkomplekset i Leka i Trøndelag

Feltet i Leka er allereie ein Unesco global geopark.

Ofiolittkompleks

I Leka er det det såkalla ofiolittkomplekset som har fått plass på lista. Eit ofiolittkompleks består av stein som opphaveleg er blitt danna under havet, fortel Pedersen.

– Dette er eit resultat av ein kontinentalkollisjon for mange hundre millionar år sidan.

Dette gjorde at havbunnskorpa blei pressa opp på land og i tillegg falt over på høgkant. Feltet på Leka er derfor veldig godt synleg.

– Her kan du gå frå det ytste laget av jordskorpa og heilt til jordas indre på berre nokre timar, forklarer Pedersen.

Komplekset er helt særeige, fortel Pedersen.

– Dette er kanskje det beste eksempelet på ofiolitt i verda.

Ho seier det er med god grunn at feltet på Leka har fått plass på lista over stadar som gir viktig kunnskap.

– Leka er ei viktig brikke for å forstå korleis verda fungerer.

Hornsund-fjorden på Svalbard

Hornsundfjorden på Svalbard har saman med Van Mijenfjorden blitt plukka ut til lista.

Isbre Svalbard

Fjord- og brelandskapet i fjordane er særeige polare stadar.

Larvikittblokk

Den plutonske larvikitten i Oslo-riften.

Esmark-morenen

Esmarkmorenen i Rogaland. Etter undersøkingar her forstod Jens Esmark at Noreg tidelagre hadde vore dekka av is.

Fire nye norske bidrag

– Noreg sin geologi er veldig mangfaldig, seier Tom Heldal, geolog ved Noregs geologiske undersøking.

Han seier lista tydeleggjer at Noreg er rikt på spor etter gamle geologiske prosessar.

I tillegg til feltet på Leka har også fjordane og isbreane i Hornsund og Van Mijenfjorden på Svalbard blitt plukka ut til lista.

Det same har Larvikitten i den såkalla Oslo-rifta og Esmark-morenen i Rogaland.

Heldal trur fire nye plasseringar på lista kan gi positiv merksemd.

– Da Jutulhogget fekk plass på liste for to år sidan skapte det ein del blest.

– Etter listeplasseringa tenkte ein at «kanskje vi burde legge litt meir til rette».

Jutulhogget i Innlandet fekk plass på lista i 2022.

FOTO: NRK og Olav H. Hauge

I godt selskap

Dette er andre gong IUGS publiserer ein slik liste. Første liste blei publisert i 2022 og inneheldt 100 geostadar over heile verda.

No er dei neste 100 stadane publisert.

Dei norske bidraga er i godt selskap på lista.

Mellom anna finn ein kjente landemerke som vulkanen Vesuv, Daudehavet og Yosemite-dalen på lista.

Yosemite Rock Fall

Dei fem norske stadane er i godt selskap på lista. Mellom anna med den kjente Yosemite-dalen i California.

Foto: AP

– Det er stas å stå på liste med slike stadar, seier Helland.

– Når ein ser på lista er det veldig freistande å lage ein «bucket-list» over alle stadane ein vil besøke, ler geologen

Publisert 31.08.2024, kl. 21.30

Read Entire Article