Fem problem-flygingar på under tre månader: Luftfartstilsynet har tatt saka opp med Widerøe

4 months ago 32


Det vart stor utrykking til Flesland onsdag, då eit Widerøe-fly med 40 passasjerar om bord fekk eit varsellys om manglande hydraulikkvæske til nasehjulet.

Flyet landa på Flesland med naudetatar i beredskap, og alle gjekk uskadd frå landinga.

Det er femte gong på kort tid at eit Widerøe-fly har tekniske problem.

Flyet sirkla over Norheimsund i Hardanger medan dei gjekk gjennom sjekklister før landing.

– Ingen gjentakande problematikk

Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, seier at utrykkinga onsdag følgde prosedyre ved slike hendingar.

– Det er ikkje noko vi bad om, men prosedyrar som dei i tårnet har. Frå pilotane si side var dette ei helt ufarleg og grei hending å forhalde seg til, seier ho.

Enkelte passasjerar ytra at dei var redde i etterkant av landinga, og desse vil no få oppfølging frå Avinor.

Solli avviser at dei fem hendingane har noko med kvarandre å gjere.

– Alle disse hendingane har ulik årsak. Så det har ingen samanheng, og det er ikkje noko gjentakande problematikk i dette.

Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

Catharina Solli i Widerøe.

Foto: Einar Aslaksen / Einar Aslaksen

– Det er alle saman hendingar vi helst skulle vore forutan. Vi ønsker ikkje å eksponere våre passasjerar for dette, men dei skal likevel vite at kvar og ei av disse hendingane er blitt sett på og blir utbetra, og vi finn ut av årsaka til at dette skjedde, seier ho.

Onsdag kveld blei flyet satt i ein hangar i Bergen, der Widerøe skulle finne ut og rette opp i årsaka til hendinga før flyet fekk reise vidare. I dag er det i lufta att.

– Ikkje spesielt urovekkjande

Leiar i tryggleikskomiteen til Norsk Flygerforbunds sikkerheitskomite, John Kristoffersen, meiner det ikkje er noko grunn til uro over hendingane.

– Det er ikkje vanleg at fly opplev slike tekniske feil, men viss ein ser frekvensen i flygingar som Widerøe har, er ikkje dette spesielt urovekkjande.

John Kristoffersen, Norsk Flygerforbund

John Kristoffersen i Norsk Flygerforbund.

Foto: Simen Follesø Røiseland / Norsk Flygerforbund

Kristoffersen vil ikkje seie at nokon av dei fem hendingane var alvorlege.

– Eg forstår det slik at alt dette har blitt løyst, slik som pilotar skal kunne løyse utfordringar.

Han trur ikkje hendingane vil gjere det vanskelegare for Widerøe å rekruttere personell.

– Dette skjer i alle flyselskap, i alle transportformer, og i all form for mekanikk, eigentleg. Ting vil skje.

Er det ein større risiko når slike ting skjer på fly enn på andre transportmiddel?

Nei. Potensialet for utfallet kan jo vere større, sidan fly er oppi lufta, men alle desse hendingane har jo gått stilt og roleg for seg. Det er vel eigentleg eit godt svar på det spørsmålet.

– Skil Widerøe seg ut her?

Ikkje som eg veit.

Håvard Vikheim, kommunikasjonsdirektør i Luftfarttilsynet

Kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet.

Foto: Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet informert

Luftfartstilsynet har tatt flyproblema opp med leiinga i Widerøe.

– Vi kan ikkje gå inn på konkrete hendingar, men det eg kan seie er at vi for kort tid sidan hadde eit kontaktmøte med selskapet. Der tok vi opp desse hendingane for å høyre korleis dei blir følgt opp, seier kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet til NRK.

I korte trekk blei vi da informert av operativ og teknisk leiing. Vi har ingen merknadar til korleis selskapet har handtert dette.

Ifølge Vikheim er det no i gang ei intern gransking av forholda internt i Widerøe. Når den er avslutta vil også Luftfartstilsynet få tilgang til konklusjonane.

Publisert 30.05.2024, kl. 17.17

Read Entire Article