Hovudverken snik seg på og du finn eit brett med Paracet som har gått ut på dato for tre månader sidan.
Du tenker at dette kan da ikkje vere så farleg. Men skal du ta dei?
Svaret er nei, ifølge farmasøyt Jasmin Dinarevic i Apotek 1.
– Som fagperson så vil eg nok anbefale absolutt alle å ikkje bruke medisinar etter utløpsdato.
Han fortel at det finst enkelte tablettar der verkestoffet er svært stabilt og har halde seg i mange år.
Men det er fleire legemiddel i både tablett, kapsels- og flytande form som ikkje er like haldbare.
– Dei må oppbevarast i kjøleskap og er spesielt utsette. Når dei blir utsette for varme så blir dei brotne veldig fort ned. Somme kan bli brotne ned og vere litt skadelege stoff for kroppen, seier Dinarevic.
- Frå gamle medisinar til vaksinar: Prisen på vaksine mot hjernehinnebetennelse hindrar ungdom i å vaksinere seg
Kan få ein augeinfeksjon
Augedropar er blant medisinane som inneheld konserveringsmiddel for å hindre at det skal bli bakteriar.
Men viss alt konserveringsmiddelet er brukt opp, så risikerer ein at det blussar opp bakteriar inne i legemiddelet.
Kastar du medisinar i søpla?
– Så dryp du det i auget, og så får du ein augeinfeksjon, seier Dinarevic.
Ein må vere ekstra merksam på legemiddel som blir oppbevarte i kjøleskap. Blant anna astmamedisinar, salvar og flytande legemiddel.
Dei kan utgjere ein særleg risiko ved at dei ikkje verkar lengre. Det fortel farmasøyt Kari Zakariassen. Ho jobbar ved Vitus Apotek i Fredrikstad.
– Tenk deg at du får pusteproblem på grunn av allergi, og medisinen som skal hjelpe ikkje verkar. Da må du raskt til lege i staden, seier Zakariassen.
Skal ikkje i søpla
Gamle medisinar skal leverast på apoteket for destruering. Medisinar kan vere skadelege for miljøet og naturen.
Derfor skal dei ikkje skyljast ned i vasken eller i toalettet, og heller ikkje blir kasta i vanleg søppel.
På apoteket i Fredrikstad er Ingjerd Arntzen kunde. Ho passar på å levere inn utgåtte medisinar.
– Ja, eg er flink til det. Eg gjer det éin til to gonger i året. Da samlar eg opp og leverer på apoteket. Det blir ein del i løpet av eit år, meir enn ein skulle tru, seier Arntzen.
Ho understrekar at ho aldri kastar medisinar i søpla. Det er farmasøyt Zakariassen glad for.
– Heldigvis kjem mange og leverer gamle medisinar. Det kan vere antibiotika eller andre stoff som ikkje skal hamne i naturen.
Også Arne Paulsen er innom apoteket same dag. Han innrømmer at han ikkje er like flink.
– Nei, det er eg ikkje. Eg har ein del utgåtte medisinar liggande, tilstår Paulsen.
– Ikkje flinke nok
Har ein medisinar som har gått ut på dato liggande i medisinskap eller i ei skuffe, oppfordrar farmasøytane til ei vårreingjering.
– Dei flinkaste til å levere inn medisinar er kronikarar, for dei er ofte innom apoteket og da det er det mykje lettare å ta det med seg det som er gått ut, seier farmasøyt Jasmin Dinarevic.
Han trur fleire kastar medisin som har vore liggande frå dagane ein har vore sjuke eller trong smertestillande.
Men det er ikkje berre antibiotika som ikkje skal hamne i søppeldunken.
– Det er mange andre legemiddel ein ikkje skal kaste i søpla. Det kan hamne andre stader og det kan innehalde hormon og så vidare. Så ta det med til apoteket, det er oppfordringa. Vi har blitt flinke, men sannsynlegvis ikkje flinke nok.
- Visste du at 10-åringar spør om hudpleie for å sjå yngre ut? Fleire er villige til å betale dyre dommar for produkt som kan vere skadelege.
Publisert 02.05.2024, kl. 19.00