– Dette systemet vil redde liv

4 months ago 31


– Funn!

Ei svart jakke ligg på bakken ved ein gardsveg i Vikedal på Haugalandet. Kan han tilhøyre den sakna personen?

Arne Hovland frå Haugesund Røde Kors tar bilde av jakka og finn fram ei iPad-liknande sak.

Der markerer han funnet i eit kart og gir beskjed på sambandet.

– Dette systemet vil definitivt redde liv, seier Glenn Helge Bårdsen i Karmøy Røde Kors.

Dette er heldigvis berre ei øving, men ofte er det alvor. I fjor registrerte Hovudredningssentralen (HRS) 1441 leiteaksjonar etter sakna personar på land.

Samling - øvelse

Kristoffer Handeland i Sauda Røde Kors leidde øvinga i Vikedal søndag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
  • I fjor haust blei ein gut funnen død etter å ha vore sakna i to døgn. Over 1000 personar var med på å leite etter Torjus (7).

Systema snakkar ikkje saman

Fleire etatar og organisasjonar er involverte i slike leiteaksjonar, blant dei Røde Kors, Norsk Folkehjelp, politiet og Heimevernet.

Fram til nå har enkelte av dei hatt systema og karta sine. Ein måtte derfor dele på kartreferansar og så leite dei opp. Dette skapte ein del unødig rot og forseinkingar. Og når nokon er sakna, tel gjerne kvart minutt.

Men nå kan alle jobbe i same kartsystem.

– Alle får dei same spora inn, og vi kan sjå alle som deltar i leiteaksjonen. Så viss nokre mannskap har problem, ser vi med ein gong der dei er og kan sende hjelp til dei, seier Bårdsen.

NY VERSJON Nytt system for leting etter savna personer

Med denne kan Arne Hovland frå Haugesund Røde Kors ta bilde av jakka dei har funne. Funnet blir markert i eit kart slik at alle kan sjå det.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Systemet blir nå prøvd ut i Sør-Vest politidistrikt. Deretter skal redningsfolk i resten av landet lærast opp.

– Når ein så er klar, blir systemet i bruk tatt i reelle aksjonar. Ambisjonen vår er i løpet av året, seier Per Olaf Torkildsen i HRS.

HRS har jobba med å utvikle systemet sidan 2019.

Ser dei utan oppdrag

Dei som leier øvinga i Vikedal, har sett seg inn i ei brakke. På to store skjermar er leiteområdet delt inn i sektorar etter kor sannsynleg det er å finne personen.

Skjerm inne på brakka der de leder redningsaksjonen

I hovudkvarteret til leiteaksjonen henger det skjerm med oversikt over funn, område og leitemannskap i aksjonen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Leitemannskap, ATV-ar og dronar er markerte i kartet. Det er også lett å sjå kven som ikkje har noko å gjere.

– Dette gjer verktøyet bra. Vi har oversikt over når folk er i gang eller står og ventar på oppdrag, seier aksjonsleiar for øvinga, Kristoffer Handeland i Sauda Røde Kors.

– Det ser lovande ut, men det står jo att å lokalisere vedkommande, seier han.

Men etter nokre timars leiting finn leitemannskapet den sakna «personen» i Vikedal.

Publisert 14.05.2024, kl. 06.20

Read Entire Article