Minst fire personar skal vere drepne og rundt 30 skadde i ei skuleskyting ved Apalachee High School i Winder, Georgia i USA, melder CNN.
Politiet har gripe ein person dei mistenker står bak skytinga, opplyste sheriff Jud Smith på ein pressekonferanse onsdag kveld, norsk tid.
Fleire av skulane i området er stengde etter hendinga.