BT: Kvinne og gut sikta for drap

4 months ago 31


14. mai 2024 kl. 21:31

Ei kvinne (23) og ein gut (17) er sikta for drap etter at ein 18-år gamal mann vart funnen død i Bergen sentrum, melder Bergens Tidende.

Frå før er ein 21-åring sikta for drap i saka.

Kvinna og guten som no er sikta for drap har tidlegare vore sikta for å ha etterlatt ein person i hjelpelaus tilstand.

Dødsfallet vart først omtala som eit overdosedødsfall av politiet, men vart førre månad koda om til drap.

18-åringen vart funnen død i ei leilegheit november i fjor, etter at politiet rykka ut på ei bekymringsmelding. I leilegheita fann politiet òg dei tre som no er sikta for drap i saka.

Read Entire Article