Anne Lindmo om tur: – Livsviktig

1 day ago 1


Som dei fleste andre lever Anne Lindmo eit hektisk liv med forpliktingar og gjeremål på alle kantar.

I 12 år leverte ho eit av Noregs største talkshow på fredagskvelden. Stilige kjolar, skreddarsydde dressar, matchande sko og tilbehøyr, og ikkje minst hår og sminke perfekt styla. Det er slik vi er vant med å sjå ho.

Kvar veke måtte ho vere «på» for å lage så god underhaldning som mogleg.

Men nå har fredagsuniforma blitt bytta ut med shorts, flanellskjorte og allvêrsjakke. Telt og morgontryne.

– For meg har det blitt livsviktig å få til den vekslinga mellom det ståkate hjernestyrte målretta urbane jobb-livet mitt, og dei fine avbrekka ut på tur, der eg brukar kroppen, og lar impulsar og leikelyst styre, informerer ho.

Anne Lindmo og Aksel Hennie tar selfie foran et telt.

SELFIE: Aksel Hennie er fyrstemann til å vere med Anne Lindmo på tur.

Foto: Seefood / NRK

Utbrentheit og sjukefråvær

I september vart det kjent at Noreg har det høgaste sjukefråværet på 15 år.

NRK og ei rekke andre medium har også skrive om at fleire og fleire opplever å bli utbrente, med symptom som likegyldigheit, trøyttleik og kjensla av at kvile ikkje hjelper.

Audun Myskja er lege, nevrologisk musikkterapeut, forfattar og forskar. Han har dei siste tiåra sett nordmenn bli ramma av det nye slitenheitssyndromet: «Eg er sliten».

– Stadig fleire kjenner at dei manglar energi, dei får ikkje påfyll.

Han har lagt merke til to endringsstrukturar. Den fyrste endringa skjedde da internett kom. Den andre endringa, som var mykje meir dramatisk ifølgje han, var da Steve Jobs og smarttelefonen kom i 2007.

– Mobilen den har frårøva oss dei små pausane vi treng i kvardagen for å restituere oss. Vi er alltid påkopla. Alltid tilgjengelege. Det kan bli konsekvenstungt. Ein kan bli utbrent eller få andre livsstilssjukdommar, seier han.

Audun Myskja

STOPP: Lege Audun Myskja rår oss til å stoppe opp i kvardagen, ta pausar der vi fullt og heilt er til stades i augeblikket og er bevisste på korleis vi har det og pustar godt.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning/ NRK

Treng ein luftetur

Read Entire Article