– Vi skal bruke 500 milliardar dollar på dette, sa Trump på ein pressekonferanse.
Han stilte på direktesendt TV saman med tre av dei sentrale toppsjefane innan IT i verda.
President Donald Trump fortalde om investeringar i private sektor for å bygge infrastruktur for kunstig intelligens i USA.
– Det er det største KI-prosjektet nokon gong i historia, sa Trump.
Ifølge Trump skal prosjektet blant anna ta for seg medisinsk forskning og behandling. Blant anna kreftvaksiner.
Dei tre verksemdene OpenAI, SoftBank og Oracle står bak det felles prosjektet kalla Stargate.
Sjefane i verksemdene Sam Altman, Masayoshi Son og Larry Ellison var alle med på pressekonferansen tysdag.
Stargate skal starte i Texas, før det skal utvidast til andre delstatar i USA. Det er venta at andre verksemder kjem til å ta del i prosjektet etter kvart.
– Vi går umiddelbart inn med 100 milliardar, sa Masayoshi Son i SoftBank på pressekonferansen.
Trump har store planar for sin andre periode som president.
I går blei han innsett som den 47. presidenten i USA og har hatt hendene fulle sidan.
Allereie i går gjorde han heilomvendingar på politikken frå den førre presidenten, Joe Biden. Mellom anna benåda han 1500 personar som var med på storminga av kongressen for fire år sidan, han utset TikTok-forbod og erklærer nasjonal krise ved grensa til Mexico.
Før han tok over det ovale kontoret i Washington DC hadde han trekt USA ut av Parisavtalen og sagt at han ynskjer at USA skal kjøpe Grønland.
Publisert 21.01.2025, kl. 23.33 Oppdatert 21.01.2025, kl. 23.48