No tar «nudel-gutta» verda med storm

1 week ago 7


AFP

Musklar og testosteron er ut. No er det «nudel-gutta» som rular gata.

AFP

Timothee Chalamet (28) spelar Bob Dylan i den nye filmen «A Complete Unknown». No blir han trekt fram som det nye mannsidealet.

Kinnbein høgare enn Mount Everest og ein stil som får kvinner og menn til å smelte. New York Times kallar dei for «noodle boys» - «nudel-gutta».

AP

Finn Wolfhard (22) er i same kategorien. Blant anna kjend frå «Stranger Things». Som New York Times skriv: Dei veg mindre enn vektstengene til Jake Gyllenhaal.

AP

For kva skjedde med kroppsidealet som Jake Gyllenhaal framelskar i boksefilmen «Roadhouse»?

– Eg trena to gonger om dagen i fem månader, avslørte Jake Gyllenhaal på The Howard Stern Show.

AP

...eller Chris Pratt, som full av mental testo er å sjå i Marvels «Guardians of the Galaxy»-serien.

Dan Aykroyd (71) og Finn Wolfhard (22) blei gode vener då dei spelte saman i Ghostbusters: Frozen City. Det er ikkje berre alderen som er ulik.

Professor Jeffrey McCune meiner det som no skjer i filmbransjen er bra.

Han er leiar for senter for afrikansk-amerikanske studier ved Rochester-universitetet

– Det er eit ekte ønske om å ha noko anna enn denne aggressive, krigerske, openlyst rovvilt-typen av kvit maskulinitet, seier McCune.

For det er ikkje berre svært kvite unge menn som når igjennom no. Ashton Sanders (29) er også ein som nyter stor suksess utan svære musklar.

Han viser fram ei form for sårbarheit, meiner professor Jeffrey McCune.

For kven saknar vel Arnold Schwarzenegger og Terminator...

... når Timothee Chalamet smiler lurt heile vegen til banken.

Read Entire Article