Angripen med barberblad av tiltalte: – Ho var veldig hissig

1 month ago 12


Ho vart overfallen av tiltalte i løpet av nokre sekund etter at ho såg henne.

Tysdag vitna den andre fornærma om det som skjedde på Saupstad helsestasjon i Trondheim 23. november i fjor.

Prøvde å roe tiltalte ned

Fornærma hadde det travelt på helsestasjonen denne morgonen. Ho hadde akkurat avslutta ein konsultasjon. Den tilsette var på veg til laboratoriet for å sjekke eit prøvesvar då ho såg tiltalte ved ekspedisjonen.

I det ho skulle låse seg inn på laboratoriet, kjem tiltalte mot henne.

– Ho var veldig hissig og snakka uforståeleg, fortel fornærma.

Tiltalte gjekk rett på henne, veiva med begge armane og slo fornærma på halsen og nakken.

Kanskje tretti gonger, meiner fornærma, som freista å parere slaga.

Sjølv seier ho i retten at ho ikkje utøvde noko vald mot tiltalte, men prøvde å roe henne ned.

Ein kollega fekk henne inn på eit anna rom.

Då ho såg seg i spegelen rann blodet nedover halsen.

Barberblad, Saupstad, rettssak

Barberbladet som tiltalte brukte

Foto: Politiet

– Eg såg dødsblikket til Lise

Like etter at fornærma var komen seg inn på rommet, høyrde ho kraftig banking i veggen og høge skrik.

Det viste seg å vere kollegaen Lise som låg utanfor døra.

Ho fortalde måndag korleis ho vart dregen inn på eit anna rom av ein annan tilsett etter å ha vorte knivstukken i begge låra.

– Eg såg dødsblikket til Lise, seier kollegaen i retten.

Det andre som har festa seg på netthinna er augo til tiltalte:

– Dei var heilt svarte.

Andletet til tiltalte hugsar ho ikkje.

– Var heilt lada ut i fleire veker etterpå

Den tilsette var tilbake på jobben same kvelden etter at ho var avhøyrt av politiet.

Det har vore terapi for henne å vere i arbeid etterpå. Men heime ville ho ikkje vere aleine.

– Eg var heilt lada ut i fleire veker, sov på sofaen på ettermiddagen, og det har eg aldri gjort før, fortel fornærma.

Tankane hennar er ofte om det som skjedde. Ho har tre ungar. Den minste er framleis veldig sint på ho som gjorde det, fortel fornærma.

Tiltalte seier ho hadde kniv som ho skulle slipe

Etter vitnemålet til fornærma fekk tiltalte kome inn i retten for å kommentere forklaringa.

Ho kjem igjen inn på det ho meiner er saka:

– De kallar det barnevernet, men det er menneskehandlarar som samarbeider med barnevernet, seier tiltalte.

Ho tek det svært tungt at barnet hennar vart fråteke henne etter fødselen.

Kniv, Saupstad, rettssak

Foto: Politiet

Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord freistar å pensle tiltalte inn på det som skjedde på Saupstad.

Aktor spør om tiltalte hadde ein kniv med seg denne dagen.

Tiltalte stadfester det, ho hadde den i veska seier ho.

Planen var å få den slipt. Ho nektar for å ha brukt kniven.

Ho gjentek at det var dei tilsette som slest med henne.

Barberbladet kjenner ikkje tiltalte til.

Kast av kniv, Saupstad, rettssak

Bilete av tiltalte som kastar kniven utanfor helsestasjonen.

Foto: Politiet

Hyl og skrik og kasting av møblar

Eit anna vitne som jobbar ved helsestasjonen var også til stades den aktuelle dagen.

Ho stadfester det dei to fornærma har fortalt om hendinga.

Ho var også der i 2022 då tiltalte og mannen hennar skulle ha møte med barnevernet. Dei held til i andre etasje på helsestasjonen.

Vitnet var ikkje til stades under møtet. Men ho fortel om hyling og skriking og at møblar vart kasta.

Politiet vart tilkalla.

Hendinga er ikkje ein del av tiltalen.

Etter den hendinga vart eit bilete av tiltalte lagt i ekspedisjonen slik at dei tilsette skulle vere merksame på vedkomande om ho kom tilbake.

No er tryggleiken ved helsestasjonen styrka, Det er mellom anna montert kamera og det er elektronisk kontroll for dei som skal inn til helsestasjonen.

Publisert 27.08.2024, kl. 11.40 Oppdatert 27.08.2024, kl. 11.41

Read Entire Article