90 prosent av kommunane har eigedomsskatt: – Skatten er vanskeleg å bli kvitt

4 months ago 69


I mange år klarte Haram seg godt utan eigedomsskatt. Men frå januar 2020 hamna Haram i eit tvangsekteskap med Ålesund. Dermed fekk folk som bur her ei rekning i posten med krav om å betale eigedomsskatt. Det var ikkje populært.

Misnøya med den nye kvardagen i Ålesund vaks. Klagene var mange og resultatet blei skilsmisse med Ålesund. Fire år seinare sto Haram på eigne bein igjen.

Men eigedomsskatten blir dei ikkje kvitt.

For politikarane i Haram har bestemt at folk som bur her, framleis skal betale eigedomsskatt. For kommunen inneber denne skatten ein årleg inntekt på 16,9 millionar kroner. Det er kring 1800 kroner pr. innbyggjar.

Dette er pengar det er godt å ha med seg når ein skal prøve å få endane til å møtast. Men målet er at skatten skal bort.

– Målet vårt er å redusere og fjerne han i løpet av denne kommunestyreperioden, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).

Vebjørn Krogsæter er Senterpartiets ordførerkandidat i Haram kommune i 2023.

Vebjørn Krogsæter (Sp) blei ordførar i Haram etter det første valet etter at Haram blei eigen kommune igjen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Politikarar i spagaten

Eigedomsskatt er normalen i dei norske kommunane. Ni av ti kommunar i landet har eigedomsskatt, viser tal frå Statistisk sentralbyrå i 2023.

Dette er mykje pengar i sum. Totalt kunne kommunane i landet krevje inn kring 17,6 milliardar kroner i 2023

Det er ein kraftig auke frå 2013. Då hadde 77 prosent av kommunane i landet eigedomsskatt.

Men tala viser også at har ein først skaffa seg eigedomsskatt, så er det vanskeleg å bli kvitt han.

– Dette er jo ei viktig inntektskjelde. Og har du tilpassa budsjetta dine til skatten, må du gjere andre grep dersom du skal fjerne skatten. Det vil innebere at ein må stramme inn på tenestetilbodet, seier seniorforskar Marianne Haraldsvik ved NTNU.

Valforskar Bjarte Folkestad seier eigedomsskatten er ei sak som mange er opptatt av, men han trur ikkje det er den viktigaste saka for veljarane.

Og han meiner det blir vanskeleg å fjerne skatten når ein først har vend seg til eit inntektsnivå. For politikarane blir det eit dilemma.

– Sett litt på spissen så vi kan vi seie at politikarane då må velje mellom å fjerne skatten på den eine sida, og ha eit godt tenestetilbod til bestemor på den andre sida. Og då hamnar gjerne politikarane i ein liten spagat.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her sitter han på en stol foran kontorpulten sin i Ivar Aasen-bygget på Høgskulen. Han ser rett inn i kameraet og smiler. Han har på seg en dongeriskjorte. Folkestad har brunt hår og skjeggvekst.

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner spørsmålet om eigedomsskatt er eit dilemma for lokalpolitikarane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Å tenkje smart

Men nokre få kommunar klarer å kvitte seg med eigedomsskatten. Sveio kommune har trappa gradvis ned. I fjor blei skatten fjerna heilt.

No handlar det om å vise disiplin og tenkje smart, seier ordførar André Mundal Haukås (H). Han rosar dei tilsette i kommunen.

– Når vi har mindre å rutte med og vi veit at vi får utfordringar framover så må vi i staden tenkje smart. Det er dei tilsette flinke til. Dei klarer å få mest mogleg ut av kvar einaste krone.

Andre Mundal Haukås, ordførar i Sveio

Ordførar Andre Mundal Haukås (H) i meiner dei tilsette har mykje av æra for at Sveio kommune kan drive utan eigedomsskatt.

Foto: Olav Røli / NRK

Prioriteringar

Null i eigedomsskatt innan 2027 er noko mange av politikarane i Haram har som mål. Men det er fleire omsyn å ta. Økonomien kan bli krevjande. Og akkurat no er det få som har fullt oversyn over kva som blir situasjonen

– Samstundes er det også viktig å ha tenester nær folk. Og det er viktig å ha eit godt skuletilbod og eit godt kulturtilbod. Så ein må jo sette dette opp mot kvarandre. Ein fjernar ikkje eigedomsskatten for ein kvar pris.

Kathrine Beite i Høgre meiner det vil stille store krav til politikarane dersom skatten skal bort.

– Det krev at vi gjer nokre prioriteringar, og då blir det eit spørsmål om kor villige politikarane er til å gjere det. Å bli kvitt eigedomsskatten trur eg blir vanskeleg dersom ein skal vere realistisk.

Kathrine Pernille Beite fra Høyre i kommunestyremøtet i Haram oktober 2023.

Kathrine Beite (H) trur det blir vanskeleg å kvitte seg med eigedomsskatten i løpet av kommunestyreperioden.

Foto: Trond Vestre / NRK

Delte meiningar

Utanfor kjøpesenteret i Brattvåg er folk avventande. Mange vil ha tilbake eit Haram utan eigedomsskatt. Men det er like viktig å ha eit Haram med gode tenester for dei som bur her.

– Eg håpar at skatten blir fasa ut. Det er viktig. Men eg meiner det er like viktig at Haram kommune har kontroll på økonomien og ikkje byggjer eit luftslott. For det er ingen tent med, seier Jonny Helland.

Men Johannes Doldersum er ikkje samd. Denne skatten er noko han ikkje vil ha.

– Eg tenkjer at det er for dyrt. Det kostar masse pengar. Og det er ikkje tvil om at ein merkar det.

Jonny Helland og Johannes Doldersum diskuterer eiendomsskatt i Haram.

Jonny Helland og Johannes Doldersum er ikkje heilt samde om eigedomsskatten i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Publisert 30.05.2024, kl. 17.50

Read Entire Article