20 år etter funnet av tysk nazi-ubåt: Vil henta opp mest mogleg kvikksølv

4 months ago 31


Mest mogleg av kvikksølvet frå ubåten skal vekk, og vraket skal verta tildekt.

– Vi vil følgja opp ekspertutvalet si anbefaling. Vårt mål er å henta opp så mykje av kvikksølvet som mogleg, sa fiskeri og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) på eit pressetreff på Knarvik snøggbåtkai måndag morgon.

Hausten 2022 konkluderte eit ekspertutval med at kvikksølvet frå ubåten måtte hentast opp, og båten dekkjast til.

Lisbeth Stuberg,aksjonist frå Fedje

Mange har engasjert seg i kampen for å få heva ubåten. Lisbeth Stuberg er mellom dei.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Heving av vraket vart sett på som for risikofylt.

I samband med revidert nasjonalbudsjett vil regjeringa starta arbeidet med å henta opp kvikksølvet i tråd med råda frå ekspertutvalet.

– Me skal ha lågast mogleg risiko for utslepp, sa Sivertsen Næss.

Til stades var også barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Mange er lei av dei mange rundane i denne saka. Me skal ha eit mål om å få opp mest mogleg av lasta, sa Toppe.

Store mengder kvikksølv om bord

Heilt sidan ubåten vart funnen av KNM «Tyr» utanfor øya Fedje i Vestland i 2003 har det vore diskutert kva som skal skje med ubåtvraket.

Om bord skal det ha vore over 60 tonn med kvikksølv.

Befolkninga i den vesle øykommunen har frykta konsekvensane, etter at prøver konstaterte store mengder kvikksølv rundt vraket.

– Me får pressa på for å verta kvitt svineriet, sa dåverande ordførar Erling Walderhaug til NRK i 2003.

I ei tidslinje, som regjeringa sjølv har produsert, er det lista opp 40 hendingar knytt til prosessen.

Det siste punktet er hausten 2022, då eit ekspertutval konkluderte med at kvikksølvet måtte fjernast og ubåten verta dekt til.

På veg til Japan

U-båten var på veg frå Tyskland, via Noreg, til Japan ein februardag i 1945.

Om bord var det 73 personar med teknisk spesialkompetanse, og materiell til japansk krigsindustri.

Det skal også ha vore 67 tonn med kvikksølv om bord. Utan at det finst skriftleg dokumentasjon på mengdene.

Ubåten kom aldri lenger enn til kysten av Fedje i Vestland.

Der vart han seinka av ein britisk ubåt. Alle om bord omkom. Ubåten vart liggjande på 150 meters havbotn.

Publisert 13.05.2024, kl. 08.04 Oppdatert 13.05.2024, kl. 08.21

Read Entire Article