United herja med Wolverhampton - med i kampen om Europa-plassane
Manchester United fekk ein etterlengta opptur med 4-1-triumfen borte mot botnlaget Wolverhampton. Dermed rykker klubben opp på ein sjetteplass på tabellen i Premier League med 25 poeng. Både David Møller Wolfe og Jørgen Strand Larsen starta kampen for Wolves. Etter 25 minutt tok kaptein Bruno Fernandes ansvar. Den tidlegare Wolves-helten Matheus Cunha var nest sist på ballen etter rot i Wolves-forsvaret. Og Fernandes fekk kjempa og krangla ballen over målstreken til 0-1. Like før pause fekk Wolves-fansen endeleg noko å juble for. David Møller Wolfe si pasning inne i 16-meteren blei ekspedert i mål av Jean-Ricner Bellegarde. Men i andre omgang køyrte United over heimelaget, Sju minutt ut i omgangen var det nok ein gang vidope i Wolves-forsvaret. Diogo Dalot fann Bryan Mbeumo som kunne trille ballen i tomt mål. Etter 62 minutt serverte Bruno Fernandes til Mason Mount som enkelt breisida inn 1-3 frå fem meter. Åtte minutt før slutt blei Bruno Fernandes tomålsscorar frå straffemerket. Dermed er United med i kampen om Europa-plassane neste sesong. Medan Wolverhampton framleis er fortapt sist på tabellen med to poeng etter 15 serierundar.