Taylor vart syndebukken
FA-cupoppgjeret mellom Nottingham Forest og Ipswich måndag kveld gjekk heilt til straffesparkkonkurranse. George Hirst sende bortelaget Ipswich i leiinga etter 54 minutt. Midt i andre omgang utlikna Ryan Yates til 1–1 for Forest. Heimelaget kasta innpå blant andre toppscorar Chris Wood på tampen, men det vart ikkje fleire mål i ordinær tid. Også ekstraomgangane vart mållause. I straffesparkkonkurransen vart det scora på alle dei ni første straffesparka, før Jack Taylor sitt forsøk vart redda av Forest-keeper Matz Sels. Dermed er høgtflygande Forest vidare til kvartfinalen. Der ventar bortekamp mot Brighton.
