Svensk anke avvist
Sverige anka FIS si avgjerd om å diskvalifisere Ebba Andersson frå 20-kilometeren i Holmenkollen laurdag. Andersson vart eigentleg nummer tre, men vart diska etter å ha skøyta i klassiskrennet. No melder det svenske skiforbundet at FIS har avvist anken, noko dei er skuffa over. Samtidig skriv dei at delar av grunnen til at dei anka, var å setje søkelyset på det dei kallar den komplekse situasjonen rundt disken. På den måten får dei svar på korleis argumentasjonen var då disken vart bestemt.
