Straumprisen fredag blir nær ti kroner lågare enn i dag

Den høgste straumprisen fredag blir 3,43 kroner per kWh mellom 09 og 10, ifølge utrekninga til straumselskapet Lyse. Det er ikkje medrekna straumstøtte. Prisen er for området NO2. Ulike nettstader kjem fram til litt ulike prisar, men alle ligg i det same området på noko meir enn 3 kroner. NO2 heiter Sørlandet på Statnett sin oversikt, men omfattar også delar av Vestlandet og Sør-Noreg. Alle dei andre områda i Noreg har lågare pris i dette tidsrommet. Lågast er NO4, som er Nord-Noreg. I dag torsdag når straumprisen nye høgder med over 13 kroner per kWh mellom klokka 17 og 18, medan same time onsdag også hadde høg spotpris. Da var spotprisen meir enn seks kroner i Sørvest-Noreg.

Dec 12, 2024 - 15:00
 0