Smerud ferdig som Brann-trenar
Leif Gunnar Smerud er ferdig som trenar for Brann kvinner.
Det melder klubben på sine nettsider.
Avgjerda kjem etter eit kort innhopp i trenarrolla for Smerud, som enda med svært gode resultat.
Sesongen enda med seriegull, og Brann vann alle kampar i Toppserien sidan Smerud tok over i august. Smerud blei òg kåra til Årets trenar i Toppserien.
– Etter sesongen har me hatt gode samtalar, som viser at me tenker ulikt om vegen vidare, skriv klubben.
– Sjølv om ein går inn i noko med dei aller beste intensjonar, så veit alle som har hatt nokre jobbar, at det ikkje er alt ein ser før ein har tatt fatt, seier Smerud i pressemeldinga.
– Eg vil takke spelarane, støtteapparatet, klubben og supporterane for tida saman – og ønsker Brann alt det beste vidare.