Skotheim skada – droppar deler av Bislett Games

Sander Skotheim kom med nedslåande nyheiter da han kom til Bislett Games på torsdag. – Eg pådrog meg dessverre ein liten skade i går. Allereie under det andre hoppet i lengde fekk eg ein dårleg landing, trur eg. Men me er litt usikre på kva som skjedde der. I fjerde hoppet slo eg kneet ganske hardt bakover i landinga. Eg har ganske vondt bak i knehasen i dag, seier Skotheim til NRK. Han og Markus Rooth har delteke saman som eit lag i trekampen i Bislett Games. På onsdag starta dei med lengde, før dei i utgangspunktet skulle springe 110 meter hekk og avslutte med spydkast på torsdag. – Det blir dessverre ikkje noko hekk på meg, og så satsar eg på at eg klarer å kaste litt spyd. Skotheim avslører at han skal ta ei MR-undersøking fredag morgon for å kartlegge kva som er gale. – Mest sannsynleg er det ikkje noko alvorleg, men eg er ikkje i stand til å springe hekk i dag dessverre, fortel Skotheim. Skotheim tok VM-gull innandørs i sjukamp i mars.

Jun 12, 2025 - 17:30
 0