Ruud enkelt til semifinale – møter verdseinaren
Casper Ruud vann 6–4 i det første settet i ATP-sluttspelets siste gruppespelkamp mot Andrej Rubljov.
Dermed var Ruud vidare til semifinale uavhengig av korleis resten av kampen ville utspele seg.
Semifinalen går mot Jannik Sinner laurdag kveld.
Casper Ruud opna ATP-sluttspelet med siger mot spanske Carlos Alcaraz, før det vart tapt mot tyske Alexander Zverev i kamp nummer to.
Sidan Ruud vann det første settet kunne verken Rubljov eller Alcaraz ta igjen nordmannen i kampen om andreplassen i gruppa.
I den andre semifinalen skal Zverev opp mot amerikanske Taylor Fritz.
Casper Ruud tapte det andre settet mot Andrej Rubljov 5–7 fredag kveld, før han slo tilbake og vann det tredje 6–2.
Det hadde altså ingenting å seie for kven som avanserte til semfinalen.
– Tennis er interessant somme tider. Eg veit ikkje kva eg har gjort annleis, men eg serva i alle fall godt, sa Ruud i eit intervju vist på TV 2 etter kampen, der Ruud viste til den ustabile forma si denne sesongen.
Ruud la til at han visste at det ville vere godt nok å vinne det første settet, og at han dermed var nervøs før kampen – før han kunne senke skuldrane etter settsigeren.
Ruud føler seg også som ein klar underdog før semifinalen mot Jannik Sinner.
– Han har utvilsamt vore beste i verda denne sesongen og har nesten gløymt å tape, seier Ruud i intervjuet.