Riiber overlegen i hopprennet
Jarl Magnus Riiber hoppa 101 meter i kombinert-hopprennet på Lillehammer laurdag. Ingen var i nærleiken av det norske VM-håpet. – Heilt rått. Eit strålande utgangspunkt, sa TV 2-kommentator Peder Mørtvedt. I langrennet seinare laurdag har Riiber ei leiing på 44 sekund ned til Franz-Josef Rehrl. Verdscupleiar Vinzenz Geiger bomma totalt med sitt hopp og startar over to minutt bak Riiber. (NRK/NTB)
![Riiber overlegen i hopprennet](https://gfx.nrk.no/COwwm0fVrea-Vu8NKBFIUQA5kqtj3HXt_QS2QWj3-dNg.jpg?#)