Muntlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til statsministeren. Besvart: 03.12.2025 av statsminister Jonas Gahr Støre
Eg skal stille spørsmål om energi, for høg straumpris er no ei utfordring for næringslivet vårt. Tradisjonelt har låg straumpris vore ein stor konkurransefordel for norsk næringsliv, særleg for delar av industrien – god tilgang på energi til låg pris har vore sjølve bakgrunnen for at vi har kraftforedlande industri i landet vårt. I mitt valdistrikt har vi både Svelgen-samfunnet, Høyanger og Årdal som er bygde opp rundt industrien fordi ein hatt billig kraft. No bidreg m.a. prissmitte frå Europa til at fordelen med billig straum blir redusert, og i ytste konsekvens vil det kunne føre til nedlegging av viktige hjørnesteinsbedrifter rundt om i landet vårt.
Arbeidarpartiet og energiminister Aasland var i valkampen svært tydeleg, og eg siterer:
Dette var i valkampen. Senterpartiet er heilt einig i standpunktet, det er også fagrørsla, og difor blei vi svært overraska over at NRK etter valet, den 21. november, melde at energiminister Terje Aasland hadde informert EU om at Noreg likevel ville greie ut fornying av dei to kablane til Danmark. Så spørsmålet er: Er statsministeren for eller imot å byggje desse to nye straumkablane til EU?