Riiber gav opp i spurten

Jarl Magnus Riiber hadde seks sekunds forsprang frå hopprennet, men klarte ikkje å følgje opp i sporet på Lillehammer. I spurten innsåg Riiber at han ikkje hadde noko å stille opp med mot den tyske duoen Julian Schmid og Vinzenz Geiger. Sistnemnde gjekk til topps. Riiber vart altså nummer tre, og klarte dermed ikkje å følge opp førsteplassen frå Lillehammer laurdag. – Bekmørkt, sa Riiber til NRK etter målgang. Han unnskyldte seg fordi han ikkje klarte å levere betre på heimebane søndag. Jens Lurås Oftebro og Jørgen Graabak vart høvesvis nummer seks og sju.

Dec 8, 2024 - 15:30
 0