Profilert Formel 1-rådgjevar gir seg
Formel 1-laget Red Bull kunngjorde i dag at den 82 år gamle rådgjevaren Helmut Marko sluttar i laget. Marko har blitt sett på som ein av dei med aller mest makt i laget, og han var også ansvarleg for Red Bulls juniorsatsing. Austerrikaren har kome med ei rekkje kontroversielle utsegn dei siste åra, noko som har skapt stor debatt i Formel 1. Red Bull har dei siste åra dermed mista Marko, mangeårig lagsjef Christian Horner, og sjefdesignar Adrian Newey.