Politiet ber om tips i drapssaka i Alver
Politiet ber om hjelp i samband med etterforskinga av drapet i Alver kommune, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Ei kvinne døydde laurdag etter at ho blei funnen medvitslaus i bustaden sin. Svigersonen til kvinna er sikta for drapet.
Politiet har fått vitneobservasjonar om ein syklist på fylkesveg 564 mellom Holme i Alver og Frekhaug torsdag 16. oktober 2025 omtrent klokka 19. Politiet vil ha kontakt med syklisten eller personar som har observasjonar eller informasjon om syklande i området denne kvelden, skriv dei.
Politiet ber dei som har video frå køyretøy (dashbordkamera) i området Holsnøy, Flatøy, Knarvik, Åsane torsdag 16. oktober mellom klokka 18–23 , ta kontakt. Også folk som var i Åsane i området mellom Ikea og Hordvik i området Veten, Høgstefjellet og Postveien torsdag 16. oktober mellom kl. 18-23, blir bedne om å melde seg. Politiet kan bli kontakta på telefon 46606078 eller via sine heimesider.