Østberg Amundsen tukta Klæbo i Kollen
Det blei fem gonger norsk da Harald Østberg Amundsen vann 10-kilometeren i Holmenkollen.
Etter seks VM-gull av seks moglege har det ikkje vore like mykje sprut i Johannes Høsflot Klæbo (28) i Holmenkollen. Under laurdagens 20-kilometer enda han på 14. plass.
Han hengde lenge godt med i sigerskampen på sundag, men det blei litt seigt etter kvart og tok 3.-plassen.
Skiskyttaren Einar Hedegart (23) gjekk strålande frå ein tidleg posisjon og tok ein råsterk 2. plass og fekk sitte lenge i leiarstolen i mål.
– Det er deilig. Det er godt reinsdyrskinn her, så det likar eg. Eg tok ein råsjanse ved å starte hardt, og det heldt nesten heilt inn, sa Hedegart undervegs i rennet.
Iver Tildheim Andersen og Andreas Fjorden Ree tok ein delt 4. plass, 19,7 sekund bak Østberg Amundsen. William Poromaa blei beste utlending på 6. plass.