Norsk sykkeltalent inn til historisk VM-medalje
Norske Oda Aune Gissinger (18) gjorde eit råsterkt temporitt og tok bronsemedaljen i Junior-VM i Eritrea tysdag. Det blei ein tett gullkamp, men det var til slutt nederlandske Megan Arens som var sterkast. Spanske Paula Ostiz Taco tok andreplassen. Gissinger kom på tredjeplass, berre to sekund bak sølvvinnaren. – Ein historisk norsk medalje. Me har aldri tatt medalje i temporitt for junior kvinner tidlegare, seier TV2s kommentator Christian Paasche. Junior-VM i Afrika er 18-åringens fyrste meisterskap for Noreg. Malvik-jenta byrja ikkje å sykle før i fjor, skriv TV 2. Sidan har sykkelkarrieren skote fart. Tidlegare denne sesongen blei ho juniornoregsmeister både i tempo og på landeveg.
