Noreg med utradisjonell manøver: – Uhyre sjeldan at det skjer

Noregs curlinglag i Paralympics bytta skip midt i kampen mot Sør-Korea tirsdag. Etter fire omgangar i kampen valde det norske laget å bytte ut skipen på laget, Jostein Stordahl. – Eg har vell ikkje helt dagen. Eg bomma på viktige nøkkelsteinar, og det har vi ikkje råd til i kampen i dag, sa Stordahl i intervjuet med NRK i etterkant. – Er du einig i avgjerda? – Ja, altså vi pleier å gjere det viss det trengst. Det er trenarens sin avgjerd, og det er helt greitt. Reserve Ingrid Djupskås vart bytta inn og Geir Arne Skogstad tok plassen som skip. – Er det lov å bytte undervegs? spør NRKs kommentator Patrick Rowlands. – Ja, men det er veldig spesielt og uhyre sjeldan at det skjer, svarte NRKs curlingekspert Pia Trulsen. Etter dei første fire omgangane leia koreanarane 6-0 mot Noreg. Og vann kampen til slutt 9-0. Dette er ein kamp Noreg absolutt burde ha vunne for å ha sjanse til å nå semifinalane i Paralympics. Eit meisterskap som har starta svært dårleg for det norske laget, med fem tap på fem kampar. Dei møter vertsnasjonen Italia i kveld 18.35.

Mar 10, 2026 - 14:00
 0