Nordmann vann Emmy i natt

Espen Nordahl fekk i natt Emmy for arbeidet sitt med HBO-serien «The Last of US». Nordahl saman med Storm Studios var nominert i kategorien «beste visuelle effektar i ein sesong eller film». Nordahl sjølv arbeider med VFX-effektar. Han gjekk på scena i Los Angeles for å ta imot den gjeve prisen i natt. «The Last of us» var den store vinnaren med åtte Emmyprisar under årets utdeling. Håvard Munkejord var også nominert i natt for «beste visuelle effektar i ein episode» i serien «Shadow and Bone», men nådde ikkje toppen.

Jan 7, 2024 - 16:00
 0