Nobelkomiteen: – Me baserer oss berre på testamentet
På spørsmål frå pressa om Nobelkomiteen har merkt noko til press om å tildela fredsprisen til USAs president Donald Trump svarte komitéleiar Jørgen Wathne Frydnes at dei berre baserer seg på testamentet til Alfred Nobel. Trump har fleire gonger sagt at han meiner han fortener fredsprisen. – I den lange historien til Nobels fredspris trur eg denne komiteen har sett alle typar kampanjar og mediemerksemd. Me får tusenvis av brev kvart år fra folk som vil seia kva som for dei fører til fred, svarte Frydnes på spørsmålet. – Denne komiteen sit i eit rom fylt av portrett av tidlegare mottakarar. Og det rommet er fylt med mot og integritet. Så me baserer berre våre avgjerder på testamentet til Alfred Nobel.
