Musk, Zuckerberg og Bezos deltek på innsetjinga til Trump
Tekmilliardærane Elon Musk, Mark Zuckerberg og Jeff Bezos skal vere til stades under innsetjinga til Donald Trump, ifølge ein NBC-reporter på X, som siterer ein anonym tenesteperson som er involvert i planlegginga av seremonien. Det melder Reuters. Ingen av dei har offisielt kommentert deltakinga så langt. Måndag neste veke blir Trump innset som president for andre gong.
