Bagasjeproblem fører til kø på Flesland

Avinor stadfestar at det er store utfordringar med bagasjeanlegget på Bergen lufthavn Flesland søndag ettermiddag. Over fleire timar har det hopa seg opp med store mengder bagasje som skal sjekkast inn til avreise i avgangshallen. Årsaka er at fleire av bagasjebanda står i ro. Ein tipsar opplyser at det har kome informasjon over høgtalar om at det er straumstans på bagasjebandet. Avinor stadfestar hendinga og seier i 13-tida at ein teknikar jobbar med å rette feilen. – Vi håper anlegget vil vere tilbake i normal drift veldig snart, seier pressevakt Carita Storm Røsaasen. Ho vil ikkje utelukke at problema kan føre til forseinkingar i flytrafikken. – Vi har nytta alternativ løysing den siste timen ved å sende bagasje på band som ikkje har vore råka av feilen. Dette har ført til lenger ventetid for å få levert bagasje for mange, og det beklagar vi. I 15-tida er teknikaren framleis i arbeid for å rette feilen. – Eg kan førebels ikkje seie noko om når det vil vere i orden, seier Røsaasen. Ho seier det er opp til flyselskapa om dei vil vente på bagasjen eller ikkje, og oppmodar folk til å innstille seg på at bagasjen kanskje ikkje kjem fram samtidig som dei. – Mykje bagasje må nok bli ettersendt fordi kapasiteten i anlegget er såpass redusert. Det er alltid eit godt råd å pakke dei mest kritiske tinga i handbagasjen, seier pressevakta i Avinor.

Aug 10, 2025 - 16:00
 0