Manchester: Ein av dei drepne i angrep mot synagoge hadde skotskadar
Politiet i Manchester seier at ein av dei drepne i angrepet mot ein synagoge i byen torsdag, døydde av skotskadar, melder Reuters. Gjerningsmannen var ikkje væpna med skytevåpen då han blei skoten og drepen av politiet. Politiet seier dei var dei einaste som losna skot. Også ein av dei skadde, som no får behandling på sjukehus, har skotskadar, opplyser dei.
