Louvre-museet stengt etter tjuveri
Sundag morgon blei Louvre-museet i Paris rana. Ifølge kjelder til AFP og Le Parisien skal minst éin person ha tatt seg inn i museet ved opningstid. Gjerningspersonane skal ha brukt motorsag og frakteheis for å komme seg inn i utstillingsområdet, der dei stal ni historiske smykke frå Napoléon-samlinga. Det skal vere snakk om mellom anna eit halskjede, ei brosje og ein tiara. Ingen personar er skadde. Museet kjem til å halde stengt resten av dagen. Det var Frankrikes kulturminister Rachida Dati som meldte om hendinga på X.
