Landslaget med markering etter drapet på Tamima
Under landskampen mellom Norge og Finland vil det tre minutt før avspark vere ein markering for Tamima Nibras Juhar og kampen mot rasisme, skriv Antirasistisk Senter i ei pressemelding. Juhar blei drepen medan ho var på jobb på ein institusjon i Oslo. – Me må gjere alt me kan for å overdøyve hat og rasisme og det er utruleg rørande at Norges Fotballforbund bidrar i kampen mot rasisme på denne måten, seier Umar Ashraf, dagleg leder i Antirasistisk Senter. Skjermane på Ullevål stadion vil lyse opp i gult og publikum blir oppfordra til å reise seg og klappe for å vise at ein står saman mot hat og rasisme. Kampen mot Finland på Ullevål stadion startar 18.00 torsdag.
