Knust av svenske – tok over leiinga i verdscupen
Johannes Thingnes Bø gjekk ut som nummer tre på jaktstarten i Novo Mesto i Slovenia laurdag.
Han starta 20,9 sekund bak franske Émilien Jacquelin.
Bø låg godt an etter feilfri første skyting, men så bomma han éin gong både på andre, tredje og fjerde skyting.
Svenske Sebastian Samuelsson, som gjekk ut som nummer 11, skaut derimot feilfritt:
20 av 20 treff for tredje gong i karrieren.
– Ein kjempeserie. Han hadde full kontroll i dag, sa NRK-ekspert Ola Lunde etter svensken si fjerde skyting.
Samuelsson vann dermed overlegent 26,4 sekund framfor italienske Tommaso Giacomel.
Thingnes Bø vart nummer tre 38,7 sekund bak Samuelsson. Det var nok til å ta leiinga i verdscupen.
– Johannes bomma for mykje i dag. Han hadde best tid i rein langrennstid. Han er framleis i bra form i løypa, sa NRK-ekspert Emil Hegle Svendsen.
Thingnes Bø var sjølv passe nøgd etter rennet.
– Det var tungt frå start. Eg trudde ikkje vi hadde beste skia i dag, så det vart eit slit rett og slett, sa verdscupleiaren til NRK.
Sturla Holm Lægreid vart nummer fem, Vebjørn Sørum nummer 12, Tarjei Bø nummer 13 og Martin Uldal nummer 14.