Kledde seg ut som legar og braut seg inn på sjukehus

To personar skal ha kledd seg ut som legar, og brote seg inn på tre institusjonar i Kristiansund tysdag kveld. Det skriv lokalavisa Tidens Krav. Ifølgje avisa skal dei først ha vore innom krisesenteret i byen, før dei blei observert ved ein av eldreinstitusjonane. Dei skal også ha vore inne på sjukehuset i Kristiansund, i lege/helsepersonell-klede. To menn i 20-åra skal no vere pågripne og sikta for ei rekkje innbrot dei siste dagane.

Sep 12, 2024 - 00:30
 0