Kevin De Bruyne klar for Serie A-mester Napoli

Den belgiske fotballstjerna Kevin De Bruyne (33) fortsett karrieren i Napoli etter exiten i Manchester City. Det opplyser den ferske Serie A-vinnaren på X. De Bruyne har spilt for City i ti år etter overgangen frå Wolfsburg i 2015, men han fekk ikkje forlenga kontrakta med dei lyseblå frå Manchester. Belgiaren vann det meste som er å vinne saman med City. Det blei seks ligatitlar, èin meisterligatittel, èin tittel i klubb-VM og ei rekke cuptriumfar. Gamleklubben ynskjer De Bruyne lykke til vidare i ny klubb og takkar han på sine eigne nettsider. (©NTB/NRK)

Jun 12, 2025 - 17:30
 0