Justisministeren reagerer på granateksplosjon
To unge menn er gripne etter ein granateksplosjon på ein serveringsstad i Strømmen i Akershus natt til tysdag. Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) seier ho reagerer på at det har skjedd ein ny eksplosjon, så kort tid etter at ein granat eksploderte på Bislett i Oslo. – Vi har ingen toleranse for eksplosjonar i det offentlege rom. Dette tek vi på største alvor, og jobbar målretta for å overvinne. Politiet etterforskar no for fullt, og det er viktig at dei får utført arbeidet sitt, seier ho i ei melding.
