Jakob Ingebrigtsen etablerer eige gateløp i Sandnes
Gateløpet med namnet RUNFEST 2026 skal samle både verdseliten på mellomdistanse og mosjonistar i alle aldrar og nivå, skriv presserådgjevar Espen Skoland i ei pressemelding. – Dette er ein draum eg og mine brør har hatt lenge. Runfest skal vere ei feiring av løpeglede, både for store og små, seier Jakob Ingebrigtsen i ei pressemelding. Løpa blir arrangert frå 24. til 26. september, med distansar på 1500 meter, 5 km, 10 km og 21 km. (NTB)
