Israel seier våpenkvila med Hizbollah er broten
Det israelske forsvaret (IDF) hevdar våpenkvila med Hizbollah er broten, melder Reuters. Dei seier at dei oppdaga mistenkeleg aktivitet i fleire område i det sørlege Libanon, og at dei kallar dette eit brot på våpenkvila som starta onsdag. Statlege medium i Libanon og kjelder i dei libanesiske tryggingsstyrkane seier det var israelske stridsvogner som fyrte av skot i fleire område i Sør-Libanon, melder nyheitsbyrået. Det libanesiske parlamentsmedlemmen Hassan Fadlallah, som representerer Hizbollah, hevdar dei israelske styrkane skyt mot sivile som vender tilbake til landsbyane sine. Israel har så langt ikkje kommentert skuldingane.
![Israel seier våpenkvila med Hizbollah er broten](https://static.nrk.no/nrkno/serum/2.0.513/common/img/default.jpg)