Ingen nordmenn på pallen
Tre norske hopparar enda på topp 10 i stor bakke i Wisła i Polen laurdag. Kristoffer Sundal, Halvor Egner Granerud (biletet) og Fredrik Eirinsønn Villumstad vart høvesvis nummer 5, 6 og 9. Rennet vart vunne av Daniel Tschofenig frå Austerrike. Han hoppa høvevis 132 og 135,5 meter. Austerrikaren hadde aldri tidlegare vunne eit verdscuprenn. Gregor Deschwanden frå Sveits vart nummer to.
